Utvikling

Corokia sin kjernekompetanse og grunnverdiar handlar om utviklingsarbeid. Me er opptekne av å bidra til at bedriftene, organisasjonane og lokalsamfunnet rundt oss er i ei konstant positiv utvikling. Vår meining er at dette er den einaste vegen mot vekst og trivsel for vår region som vil vere berekraftig og fungere på lang sikt. Ved å tilby våre tenester til dei som ynskjer å satse, vil me òg bidra til ein vekst som sikrar vår eiga framtida – både som selskap og innbyggjarar.

Nettverk og miljø er viktige omgrep for oss, og Corokia ynskjer å plassere seg i relevante og konstruktive nettverk i alle våre aktivitetar. Nokre stadar er det så viktig for oss at me ynskjer å ta ei leiande rolle sjølv, andre stadar kan me tilby våre ressursar for å bidra i andre sine nettverk. Alle som ynskjer å legge til rette for eit meir forpliktande samarbeid, enten innanfor ein spesifikk bransje, mot ein ny marknad eller for å utvikle nye løysingar er bedrifter som me ynskjer å tilby våre tenester til.

Treng du hjelp til å etablere eit samarbeid? Kontakt oss for å ta ein uforpliktande prat.

Etter å ha jobba med omstillingsarbeid dei siste åra har me opparbeidd oss erfaring, kunnskap og nettverk rundt offentlege utviklingsprosessar, med hovudfokus på kommunane. Corokia ynskjer å vere ein partner for kommunar, offentlege utviklingsselskap og andre offentlege verksemder som ynskjer å jobbe med utvikling. Me kan bidra med prosess- og prosjektleiing, forankring, prosjektutforming og meir. Også her vil tilpassa leveransar vere vår måte å jobbe på, så dersom dette er aktuelt – ta kontakt med oss.