Tenester

Corokia ynskjer å vere ein partner i vekst og utvikling for dei som vil satse. Ei utviklingsfase er alltid unik, og difor ligg alltid skreddarsaum av tenestene til grunn. Med bakgrunn og erfaring frå privat næringsliv, offentleg utviklingsarbeid, politisk arbeid og organisasjonsliv ynskjer Corokia å spele andre aktørar gode ved å tilby sine ressursar, verktøy og kunnskap.

Bedriftsutvikling

Bedriftsutvikling handlar om å endre dagens situasjon. Det kan vere å planlegge for vekst, å satse mot nye marknadar, takle ei omstilling i marknadssituasjonen, gå inn i strategiske samarbeid, eller tydeleggjere sin profil og posisjon. Med basis i god kjennskap til det offentlege verkemiddelapparatet, ulike bedriftsutviklingsverktøy og det regionale næringslivet, ynskjer Corokia å bidra til at andre bedrifter lukkast med sine satsingar. Saman med våre samarbeidspartnarar vil ein kunne tilby relevante og gode tenester for dei fleste små- og mellomstore bedrifter.

Ynskjer du å jobbe med bedriftsutvikling? Les meir, og sjå døme på prisar og tenester her.

Prosjektarbeid

Ofte vert ein vanskeleg jobb lettare dersom ein klarar å strukturere den som eit prosjekt. Me definerer eit prosjekt som ei oppgåve som har eit tydeleg mål og ei tydeleg tidsavgrensing. Etter å ha jobba med ei lang rekke ulike utviklingsprosjekt, ynskjer ein no å hjelpe privatpersonar, lag og organisasjonar, bedrifter og offentlege verksemder som ynskjer å realisere sine prosjekt. Me tilbyr gode og enkle verktøy for prosjektstyring og prosjektleiing, og kan hjelpe deg med alt frå å utforme prosjektet, skaffe finansiering til gjennomføring og evaluering. Saman med våre samarbeidspartnarar vil ein kunne tilby skreddarsydde leveransar til mange typar utviklingsprosjekt.

Har du eit prosjekt du vil realisere? Les meir om måten me jobbar på, og kva me kan hjelpe deg med her.

Arrangement

Ynskjer du å skape eit arrangement, men er usikker på kor du skal starte? Corokia ynskjer å vere den føretrukne samarbeidspartnaren for dei som vil lage spennande arrangement i vår region. Gjennom vårt nettverk kan me hjelpe til med alt frå planlegging, skaffe finansiering og sponsorar, mobilisering og marknadsføring og praktisk og teknisk gjennomføring. Ved hjelp av allsidige samarbeidspartnarar kan ein tilføre resultat i dei konkrete jobbane, men også læring, slik at neste arrangement kan bli endå betre.

Kunne du tenke deg å arrangere noko? Sjå døme på korleis me jobbar, og korleis me saman kan skape eit spennande arrangement her!