Samfunnsansvar

Som ein del av eit lite lokalsamfunn i ein liten kommune, er det viktig for oss å syne samfunnsansvar. Vårt arbeid med samfunnsansvar vil vere i konstant utvikling, og skal skje saman med samfunnet me opererer i. Corokia ynskjer å bli oppfatta som ein viktig aktør for sitt lokalsamfunn, og som bidreg og påverkar det på ein positiv måte.

Corokia er oppteken av klima og miljø. Vårt arbeid, måten me driv på og dei materielle ressursane me brukar skal forsøkast å gje minst mogeleg belastning på klima og miljø. Der det finst klima- og miljøvennlege alternativ ynskjer ein å nytte desse der ein kan.

Du kan lese meir om vårt samfunnsansvar på bloggen vår med emneknaggen samfunnsansvar