Robba

logo_robba

Med utgangspunkt i vår eigen aktivitet i Gamleskulen i Eidsnesfeltet i Hyllestad, ynskjer me å invitere inn andre bedrifter og etablerarar som delar våre mål og verdiar. Saman med Sustainable Solutions vil me invitere andre bedrifter som brenn for og jobbar med utviklingsarbeid til å ta del i eit forpliktande nettverk. Det er ikkje eit krav at du er fysisk plassert i vårt kontorfellesskap, men ved å ta del i nettverket vil du få høve til å nytte våre fasilitetar på svært fordelaktige vilkår.

Les òg den første bloggposten om Robba frå 1. februar 2016!

Føresetnaden er at du driv ein aktivitet der ein vil ha felles nytte av å jobbe saman, på tvers av bransje, fagfelt og storleik. Dersom dette høyrest ut som noko du vil vite meir om, ta kontakt!