Reiseliv

Vi trur på potensialet for ei sterk reiselivsnæring i Fjordkysten-regionen. Gjennom fleire års arbeid med reiselivsutvikling og fleire verv i reiselivslag og destinasjonsselskap, så ynskjer Corokia no å ta ei førande rolle i ei reiselivssatsing. I 2016 startar me difor fleire prosjekt som har mål om å skape nye og sterke bedrifter med fleire arbeidsplassar i reiselivsnæringa.

Lihesten 777

Saman med fleire av dei andre reiselivsaktørane i Hyllestad vil Corokia i løpet av første halvår av 2016 kartlegge, teste og planlegge oppstart av ei opplevingsbedrift. Denne har arbeidsnamnet «Lihesten 777», som spelar på landemerket og symbolet Lihesten, som er kjent for sitt særpreg for alle som har ferdast på kysten. Selskapet har som mål å bli eit betydeleg aktør på sitt felt. I første fase vil ein avklare ressursgrunnlag, produktportefølje og organisering. Utgangspunktet er å avklare om det er grunnlag for å etablere eit selskap som skal:

• Produsere, levere og selje natur- og opplevingsbaserte reiselivsprodukt i FjordKysten-regionen
• Drive administrasjon, sal, marknadsføring og produkt- og leverandørutvikling for andre aktørar som ynskjer samarbeid om desse tenestene

Arbeidet er organisert som eit prosjekt med varigheit fram til sommaren 2016, der fleire aktørar delar på arbeidet og samarbeider om aktivitetane.

I løpet av våren vil me lansere eiga nettside for Lihesten-arbeidet.

Lihesten Service

Ei anna viktig satsing for Corokia i 2016 vil vere prosjektet Lihesten Service. Corokia har tru på merkevara Lihesten, og vel å nytte dette namnet i fleire av våre reiselivssatsingar. Lihesten Service tek utgangspunkt i to aktivitetar som me ynskjer å køyre parallelt med Lihesten Adventures:

• Behov for felles eller samkøyrt tenesteproduksjon og utviklingsaktivitet knytt til servering, forpleiing, arrangement og vertskap
• Testdrift av staden «Løvli» i Sundbotn i Hyllestad

Arbeidet med Lihesten Service er organisert som eit eige aksjeselskap, med Corokia som koordinerande ressurs. I tillegg vil utføringa av aktivitetane vere organisert som eit eige prosjekt med fleire deltakande aktørar frå det lokale næringslivet.

Dersom du er interessert i å vite meir om dette prosjektet kan kontakte oss, eller du kan sjå nettsidene til staden Løvli på www.lovli.org.

Bedriftsnettverket Lihesten

Med utgangspunkt i fleire eigne reiselivsprosjekt, samt fleire andre store satsingar i regionen, ynskjer Corokia å bidra til at det vart etablert eit bedriftsnettverk. I løpet av første halvår 2016 vil ein på vegne av dei mest interesserte bedriftene som me samarbeider med i regionen gjennomføre ei avklaringsfase med siktemål å få etablert eit bedriftsnettverk med støtte frå Innovasjon Norge.

Ta gjerne kontakt om du er i reiselivsbransjen og tykte dette høyrdest interessant ut, eller om du er nysgjerrig på kva det går ut på.