Prosjektarbeid

Har du ein idé som du han tenkt på lenge, men aldri kome i gang med? Ei ny teneste, eit nytt produkt, eit nytt arrangement eller kanskje eit nytt samarbeid? Eller har du ei konkret utfordring som du treng å løyse – i bedrifta, organisasjonen eller noko som kanskje kan bli ei ny bedrift? I så fall kan det vere smart å tenke prosjekt. Prosjektomgrepet er brukt i ei rekke samanhengar, og representerer ulike tydingar og innhald. Når me snakkar om prosjekt, så snakkar me om utviklingsprosjekt, der målet er å starte eller oppnå ei ny utvikling. For at me skal kunne skilje prosjekt frå det som er ein del av den daglege drifta, så må ein kunne krysse ut fylgjande kriterie:

• Ein har eit tydeleg og målbart mål med prosjektet
• Det har ei tydeleg tidramme for gjennomføringa
• Det finst vilje, interesse, ressursar og eigarskap til å gjennomføre prosjektet

Dersom du har eit prosjekt som svarar til desse punkta, så kan ei prosjektorganisering vere midt i blinken. Corokia har erfaring med mange typar utviklingsprosjekt, og kan tilby ressursar, verktøy og leiing av slike prosjekt. Med god kjennskap til ulike finansieringsordningar og eit stort nettverk, kan Corokia hjelpe med alt frå prosjektplan, utforming av avtaledokument, hjelp til å skaffe finansiering og gjennomføring og rapportering.

Har du eit prosjekt som du vil snakke med oss om? Me tek gjerne ei gratis og uforpliktande samtale om ditt prosjekt for å vurdere om me kan hjelpe deg vidare. Ta kontakt for å avtale tid.

Også i større bedrifter og i offentleg sektor kan prosjekt vere ei fornuftig organisering av delar av utviklingsarbeidet. Corokia ynskjer spesielt å jobbe med tidlegfaseprosjekt, det som ofte vert kalla forstudie (fase 1) og forprosjekt (fase 2). Her er det låg terskel for å ta idéane vidare for å avklare om dei kan bli gode hovudprosjekt (fase 3), eller om dei bør leggast vekk. I hovudprosjektet er det ofte behov for fagleg spisskompetanse, og her kan fleire av Corokia sine samarbeidspartnarar vere aktuelle som prosjektleiarar. Dersom du har tankar om slike avklaringsprosjekt, så kan Corokia bidra med prosjektbeskrivingar og –planar, bistå med å finne relevant ekstern finansiering, samt gjennomføre og rapportere.

Ynskjer du å møte oss for å diskutere ditt prosjekt? Ta kontakt for å avtale tid.