Prosjekt

Corokia vart til fordi eigarane såg mogelegheiter i Hyllestad og regionen rundt. Ein vil difor alltid ha eigne prosjekt som ein ynskjer å realisere samstundes som ein tilbyr tenester til andre. Vi ynskjer alltid å samarbeide og jobbe mot felles mål, og vil difor vere opne om alt som skjer også i våre eigne prosjekt. Dersom noko av det du les om ser spennande ut, så blir vi veldig glade om du tek kontakt. Personar som har vilje og evne til å skape noko sjølv vil ofte kunne finne ein plass i våre prosjekt.

Reiseliv

Reiselivet er verdas største industri, og sysselset 1 av 11 på verdsbasis. I vår region er reiselivet svært lite utvikla, med få arbeidsplassar og relativt små besøkstal. Me meiner at alle føresetnadar ligg til rette for at regionen vår skal kunne ta ein heilt annan posisjon. Gjennom fleire målretta satsingar, ynskjer Corokia å sette seg i førarsetet for å utvikle ei sterk, lønnsam og berekraftig reiselivsnæring i Fjordkysten-regionen.

Les meir om prosjekta, og finn ut om vårt arbeid med reiseliv er noko for deg!

Utvikling

Corokia sine tilsette kjem frå stillingar i omstillingsarbeidet i Hyllestad. Der har me fått sett verdien av å jobbe målretta med utviklingsarbeid på tvers av sektorane, og med utgangspunkt i grasrota – bedriftene, etablerarane, eldsjelene og dei kommunetilsette. Hyllestad og regionen rundt er rik på mange slags ressursar, og har ei satsingsvjlje og pågangsmot som me trur vil resultere i mange spennande nye aktivitetar i åra som kjem. I tillegg ser ein starten av eit grønt skifte, som kjem til å omfatte det meste av verdiskapande aktivitet, nye mogelegheiter gjennom ny teknologi og andre store nasjonale og multinasjonale trendar. Corokia ynskjer å vere ein del av denne utviklinga, og søker aktivt å bidra til løysingar, verktøy, arbeidsmetodar og tenester som kan vere ein del av dette.

Er du interessert i utviklingsarbeid? Les meir om våre satsingar og sjå om du eller di bedrift kan hente noko av vårt arbeid og nettverk.

Robba 680

For oss er det viktig å vere ein del av eit miljø. Corokia har ingen soloprosjekt, og ynskjer å knyte seg til andre bedrifter og etablerarar som vil noko av det same som oss. Vårt utgangspunkt for etableringa er tilgang til kontorlokale i Gamleskulen i Eidsneset i Hyllestad. Her har me det me treng av fasilitetar, inkludert kontorplassar, møterom og fiber. Saman med Sustainable Solutions, som delar kontorlokale med oss, og med Åfjorddalen Utviklingsselskap og deira leigetakarar som næraste nabo, har me eit godt utgangspunkt for vidare vekst. Robba er fjellet som tronar majestetisk over Åfjorddalen og grendene rundt Espelandsvatnet, og med sine 680 meter over havet vart det eit naturleg val av namn for vårt bedriftsnettverk.

Me har god plass i våre lokale, og ynskjer spesielt små bedrifter og gründerar frå tidleg oppstartsfase velkommen til å vere med oss. Med ein forretningsmodell tilpassa føremålet, kan ein tilby svært gunstige vilkår. Les meir, og ta gjerne kontakt dersom dette høyrest interessant ut!