Om oss

Nettingbusk og spøkelsesplante

Corokia er ei plante som er kjent med fleire kallenamn, både nettingbusk og spøkelsplante er ofte brukt. For oss symboliserer den nettverk og samspel, to av våre viktigaste verdiar. Logoen spelar på planta sine mange greiner, og selskapet Corokia ynskjer å vere ei bedrift som kan bidra til vekst i mange ulike greiner, om det representerer bransjar, sektorar, stadar eller størrelsar. I tillegg ynskjer me å vise at me ikkje treng vere den som står i front, men som gjerne står usynleg bak dei som me jobbar saman med – slik at våre kundar lukkast best mogeleg. Det som er bra for kunden, er bra for oss.

Kven er me?

Med bakgrunn frå media- og kommunikasjon, butikk, eiga næringsverksemd, entreprenørskaps- og marknadsføringsarbeid, verv i frivillige lag og organisasjonar, ei rekke styreverv innan politisk-, offentleg og frivillig arbeid og sist direkte erfaring med å styre, leie og gjennomføre ei lang rekke utviklingsprosjekt, så er me no rusta og klar til å ta fatt i nye utviklingsoppgåver. Etter å ha jobba med omstillingsarbeidet i Hyllestad ut 2015 valgte Frida Holme og Joakim Systaddal å starte Corokia, dels for å halde fram med utviklingsarbeid, og dels for å realisere eigne prosjekt.

Sterkast saman

Vår viktigaste ressurs i tillegg til personane som jobbar i selskapet, er nettverket vårt. Corokia vil alltid søke den beste løysinga i dei jobbane me tek på oss, og legg vekt på å ha inngåande kunnskap om kva kompletterande ressursar som er tilgjengeleg i regionen. Me har lagt vekt på samarbeid frå første stund, og har til ei kvar tid ei lang rekke samarbeidande bedrifter som kan vere med på å gje våre kundar ei best mogeleg leveranse.

Ute hos kunden

Frå våre kontor på Åfjorddalen i Hyllestad ynskjer me å involvere oss i relevante og interessante prosjekt. Me ynskjer å møte og jobbe saman med våre kundar der dei er, og har ein geografisk marknad som tek utgangspunkt i vår region og vårt fylke, men som ikkje er avgrensa av det.

Corokia nyttar Accountor HAFS som vår rekneskapsførar.