Om Corokia

Corokia AS er eit lite rådgjevingsselskap som har tenester og produkt retta mot bedrifter, gründerar, organisasjonar og offentleg verksemd som ynskjer å jobbe med utvikling. Vår forretningsidé er:

«Corokia skal hjelpe private og offentlege verksemder som ynskjer å jobbe med utvikling, og sjølv ta initiativ til prosjekt og aktivitetar som fremjar ei berekraftig utvikling og innovasjon i næringslivet og samfunnet. Dette skal ein gjere ved å tilby tenester, verktøy, ressursar og løysingar til slike oppgåver.»

Kontaktinfo

Corokia AS har kontor med besøksadresse i Eidsnesfeltet i Hyllestad kommune. Du kan nå oss på telefonnummer 9713 5509 eller sende oss ein e-post på post@corokia.no.

Sjå fleire kontaktopplysningar og kart til vår adresse her.

Om oss

Corokia vart starta januar 2016 av Frida Holme og Joakim Systaddal. Begge kom frå stillingar i omstillingsorganisasjonen i Hyllestad kommune, og såg mogelegheiter for å skape sine eigne arbeidsplassar og få ta del i ei spennande utvikling. Samstundes vart det etablert fleire verksemder og satsingar i regionen som utfyller og kompletterer den kunnskapen og kompetansen som Corokia har sjølv, og i sum tok ein del i eit miljø med vilje og evne til å skape vekst og utvikling.

Les meir om oss og vårt nettverk her.

Samfunnsansvar

Sidan Corokia sin forretningsidé handlar om å skape utvikling i vår heimeregion, er det viktig for oss å syne eit samfunnsansvar. Me vil aktivt arbeide med å bidra til samfunnsnyttige aktivitetar, og gjennom vår drift jobbe målretta for at Corokia skal bli lagt merke til som ein positiv bidragsytar i lokalsamfunnet. I tillegg vil ein drive selskapet på ein måte som tek mest mogeleg omsyn til miljø og klima.

Vil du vite meir om vårt arbeid med samfunnsansvar? Les meir her!