Velkommen til Robba

Emneknaggar: , ,

Eit av dei viktigaste prosjekta som me jobbar med av eiga interesse er å bygge eit miljø rundt vår eiga bedrift. Dette prosjektet har me valgt å kalle for Robba, oppkalla etter det markante fjellet som ruvar over vatnet der me har vår eiga base. Robba er ikkje det høgste fjellet, men ligg fritt nok til å gje dei som når toppen oversikt og utsyn. For oss er Robba både stødig, solid samtidig som det er fritt og gjev perspektiv – og dermed eit godt symbol på kva me vil kommunisere med vårt initiativ.

Nettverket Robba handlar om å jobbe for berekraftig utvikling. Bedrifter som er opptekne av dette har saman ynskt seg eit slikt nettverk, og tek sjølv ansvar for å få det på plass. Kjernen for dette arbeidet er Corokia og Sustainable Solutions, og det er desse bedriftene som har teke det første steget. Fleire andre bedrifter har synt interesse, og etter kvart som form og innhald tek form, vil ein kunne finne meir info om dei som er med på desse nettsidene. Som ein del av kurset «Samfunnsentreprenørskap» i regi av Høgskulen for Landbruk og Bygdeutvikling som me deltek på, vil me bruke Robba som eit case for vår eksamensoppgåve. Den vil sjølvsagt hamne her etter kvart!

Bedriftene som er med kan vere tilknytt på ulikt vis, og treng ikkje å ligge i Hyllestad. Me stiller våre lokale til rådvelde, og inviterer alle som vil til å ta kontakt for å finne ut om dette kan vere noko for deg eller di bedrift. Det første steget er å samle gode krefter, for saman å finne ut kva nettverket skal ha slags rolle, kva som skal kome ut av det for dei som vil vere med, og kva det krev av dei som vil vere aktive medlemmer. For å kunne jobbe vidare med dette har me søkt HAFS Utvikling om støtte frå næringsfondet. Dersom me får denne støtta, vil me kunne jobbe målretta med å gjere Robba til ein motor for å skape meir aktivitet, nye arbeidsplassar og nye måtar å jobbe på for å få til ei berekraftig utvikling.

Februar vil ein viktig månad for dette arbeidet. Me har meldt oss på og vil delta på HAFS-messa i Fjalerhallen og Framtidsfylket si karrieremesse i Bergen. Her vil me sei noko om grunnen til at me vil drive med dette, og knyte kontaktar som kan og vil vere med på det vidare arbeidet.

Me håpar at du tek kontakt dersom du tykte dette såg spennande ut, eller om du er nysgjerrig på å få vite meir!

logo_robba