Eit spennande år for reiselivet

Emneknaggar: , , ,

 

Travel Factory, Corokia og FjordKysten på Mid Atlantic.
Travel Factory, Corokia og FjordKysten på Mid Atlantic.

I Corokia ynskjer me å jobbe med eigne prosjekt i tillegg til dei oppdraga me skal utføre for andre. Eit av desse prosjekta handlar om å etablere ei opplevingsbedrift i Hyllestad. Dette prosjektet har arbeidsnamnet «Lihesten Adventures». Med oss i dette arbeidet har me nokre av dei eksiterande aktørane i reiselivsnæringa i kommunen, og saman skal me framover våren avklare grunnlaget for å etablere dette som eit eige selskap med base i Hyllestad.

Behovet for ein profesjonell heilårs leverandør av opplevingsprodukt er stor i heile regionen. Det finst mange flinke små nisjeleverandørar, men ingen som kan tilby ei breidde i produktporteføljen som gjer at dei besøkande kan få organiserte aktivitetstilbod med guide for fleire dagar. Dette ynskjer me gjennom dette prosjektet å gjere noko med. Me vil jobbe med nokre få utvalde nisjar, der me meiner at vår region har potensiale for å bli verdsklasse: Natur (soft/hard adventure + wildlife watching/slow adventure), historie (vikingtid, kulturminne, andre verdskrig osv.) og geologi. Lihesten Adventures ynskjer ikkje sjølv å operere alle produkta, og vil veldig gjerne samarbeide med dei som har ein aktivitet dei tilbyr i dag.

I starten av februar var me saman med Visit FjordKysten og Travel Factory på Icelandair sin reiselivsworkshop Mid Atlantic på Island. Her hadde me ei rekkje møter med turoperatørar og agentar som sel nettopp desse nisjane til sine kundar i nordamerika og europa. Det vart gjort fleire konkrete avtalar med desse, og dei første konkrete turane vil truleg kome alt til våren. Ved å jobbe direkte med kundane, vil me få nyttig læring og gode tilbakemeldingar på produkta som er under utvikling, samstundes som ein får testa gjennomføringa av dei på ekte kundar. Dette gjev oss ikkje berre ei nyttig kjelde til å få gode produkt, men også kort veg til marknaden og komersiell aktivitet.

Dersom du driv ei opplevingsbedrift i dag, eller har ein draum om å starte med noko, så vil me gjerne komme i kontakt med deg. Lihesten Adventures ynskjer å vere ein partner på administrasjon, sal og marknadsføring, booking og produktutvikling. Dersom du synst dette høyrest spennande ut, ta kontakt med Joakim på joakim@corokia.no eller 97135509!