Bedriftsutvikling

Som leiar i ei bedrift står du alltid ovanfor ei lang rekke val og prioriteringar. Dei fleste ynskjer vekst og utvikling, men å lukkast med det i praksis krev systematisk og langsiktig arbeid – og god oversikt. Corokia sine tilsette har erfaringar frå slike utviklingsprosessar i ei lang rekke bedrifter, fordelt på ei rekke bransjar og ulike storleikar. Kvar bedrift si utfordring er unik. Corokia har tilgang til ei rekkje verktøy og støttetenester som kan vere til nytte i ein slik prosess, og har kunnskap og erfaring med å nytte dei i praksis.

Har di bedrift planar eller ynskje om å utvikle seg vidare? Ta kontakt med oss for å avtale eit uforpliktande møte.

Forretningsmodell, forretningsplan, driftsbudsjett, sals- og marknadsstrategi og SWOT-analyse – omgrepa og verktøya er mange. Felles for dei alle er at dei kan vere svært nyttige reiskapar for bedriftsleiaren og hans organisasjon – dersom dei vert tekne i bruk på ein måte som gjev meining for den spesifikke bedrifta. I Corokia har me ikkje ein fast mal for vårt bedriftsutviklingsarbeid, men jobbar saman med bedrifta for å kartlegge kva som er viktigast, og saman planlegge korleis ein kan jobbe vidare. Me kan bidra med erfaring frå andre sine tilsvarande prosessar, gode og praktiske vertkøy for abeidet, og ressursar til å sikre framdrift og resultatoppnåing. I tillegg kjenner me godt til verkemiddelapparatet som skal hjelpe bedrifter med akkurat slikt arbeid, og kan hjelpe med alt frå søknadsskriving og prosjektplanar til gjennomføring og sluttrapport.

Er dette interessant for di bedrift? Ta kontakt, så startar me med ein uformell prat.

Kommunikasjon og marknadsføring er område som dei fleste bedrifter har eit forhold til. Corokia er ikkje eit kommunikasjonsbyrå, men kan hjelpe med å lage strategiar også for dette arbeidet. I tillegg kan me vere til hjelp og støtte i arbeidet med digitale informasjons- og kommunikasjonskanalar, og me kan saman med våre samarbeidspartnarar vere med å produsere innhald i form av tekst, foto, illustrasjon og video.

Vil du jobbe med kommunkasjons og marknadsføring? Kontakt oss, så kan me ta ein uformell prat om korleis me kan hjelpe.