Arrangement

Ein del av verksemda til Corokia vil handle om ulike former for arrangement. Både i eiga drift, i prosjekt for andre, i eigne prosjekt og i vårt arbeid med samfunnsansvar vert det lagt vekt på å skape positive arrangement som i tillegg til å vere kjekke å delta på, skal føre til noko meir.

Med erfaring frå ulike arrangement, frå folkemøte til festivalar, kan Corokia også vere ein partner der andre ynskjer å skape aktivitet. Me kan bistå med planlegging, innhenting av sponsor- og arrangementsmidlar, samt bistå i den praktiske førebuinga, gjennomføringa og etterarbeidet kring ditt arrangement. Me ynskjer å jobbe både med dei som skal betre eller vidareutvikle eit eksisterande opplegg, eller dei som ynskjer å skape noko heilt nytt. I tillegg har me eit godt nettverk som kan tilby catering, utstyr, lokale og det som elles måtte vere naudsynt for å skape eit best mogeleg resultat.

Høyrest dette ut som noko for deg? Ta kontakt for å avtale eit møte!